page view image

Knut Reiersrud og Iver Kleive

Det er med stor glede vi inviterer til ein unik konsertoppleving i Stedje kyrkje, der to av Noregs mest markante musikarar møtest i eit musikalsk samarbeid som har begeistra publikum i fleire tiår. Med Iver Kleive på det største orgelet mellom Bergen og Ålesund og Knut Reiersrud på gitarar, blir dette garantert ei fantastisk oppleving!

Informasjon
event image

Iver Kleive er ein av dei mest sentrale skikkelsane i norsk musikkliv. Han er utdanna organist frå Musikkonservatoriet i Oslo og Hochschule für Musik i München, og har vore kantor i fleire kyrkjer samt dirigent for Oslo Bach-kor sidan 1988. Kleive har medverka på over 200 plateinnspelingar og er kjent for å kombinere klassisk musikk med folkemusikk, jazz og populærmusikk. Han vart i 2017 utnemnt til Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for norsk musikkliv.

Knut Reiersrud er ein internasjonalt anerkjend gitarist med røter i blues, men med eit musikalsk uttrykk som spenner over norsk folkemusikk, afrikanske rytmar og klassiske tradisjonar. Han spelar ei rekkje instrument, og har samarbeidd med artistar som Blind Boys of Alabama, Nina Hagen og David Lindley. Reiersrud har også vore programleiar for NRK sitt «Bluesasylet» og har komponert musikk til fleire norske filmar.

Saman har Kleive og Reiersrud skapt ei rekkje kritikarroste album, mellom anna Blå Koral, Himmelskip og Nåde over nåde, og dei deltok saman under opningsseremonien for OL på Lillehammer i 1994.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert kun refunderte ved avlyst arrangement